Utviklingsfondet

Utviklingsmandag: Er det nok vatn til vekst?

14. oktober vert Utviklingsmandag arrangert saman med Spire og FIVAS. Fokuset denne gongen er på vassran i Afrika. Storskala jordbruk krev mykje vatn. Vi spør om det er nok vatn til vekst i jordbruket?

Tid: Mandag 14. oktober kl. 16:00,
Sted: Oslo, Litteraturhuset Kjelleren
Gratis

Landbruksinvesteringar vert sett som den beste måten å skape utvikling på i Afrika. Når investorar rykkjer inn, vert ofte store naturressursar lagde beslag på. Storskalajordbruk krev mykje vatn og gjer at lokalbefolkninga taper både land og vassressursar. Kan investeringar i landbruk gjerast utan vassran?

Innledere:

Synne Movik er forskar ved Noragric på UMB og har tidligare mellom anna skrive om vassreform, -forvaltning og sanitær i Afrika.
Atakilte Beyene er forskar ved Nordiska Afrikainstitutet i Stockholm. Han forskar på rural utvikling og har mellom anna vore med å skrive boka Biofuels, Land Grabbing and Food Security in Africa.
Sigrun Gjerløw Aasland er Development Policy Adviser i Norfund
Michael G. Angstreich har tidligare mellom anna jobba for Norad og Care 

Ordstyrer: Andrew P. Kroglund, Utviklingsfondet

Det blir enkel servering. 

Utviklingsmandag er en fast seminarrekke som arrangeres av Utviklingsfondet.
Den andre mandagen hver måned diskuterer vi ulike utviklingspolitiske tema på Litteraturhuset i Oslo. Det er gratis og åpent for alle. Følg også med på Twitter: #Utviklingsmandag