Utviklingsfondet

Klare uenigheter om handelspolitikk

En ny kampanje mot bilaterale investeringsavtaler (BIT) ble lansert på Utviklingsmandag denne uka. Mens Høyre er positive til BITs er SV mer kritisk.

«Om nokon vil investere ein stad som ikkje er ein rettsstat, er det riktig å inngå ein bilateral investeringsavtale (BIT) som bind landet til å garantere for rettane til selskap, og redusere det politiske handlingsrommet i framtida?» Det spør Helene Bank i Handelskampanjen etter at Nicolai Astrup i Høgre forklarte kor viktig det er med BIT i land som Zimbabwe for at det i det heile skal kome investorar.

Måndag møttes to juristar, to politikarar og to frå sivilsamfunnet til debatt i Utviklingsfondets faste arrangement på Litteraturhuset. Høvet var lanseringa av den nye kampanjen som 25 fag- solidaritet- miljø- og ungdomsorganisasjonar står bak, for eit BIT-fritt Noreg. Organisasjonane ser med stor uro på korleis miljøreguleringar og utviklingspolitikk vert ramma av åtak frå store selskap, og ser ingen garanti for at ikkje det same vil skje i Noreg.

I panelet sat Ole Kristian Fauchald som er professor ved UiO, Caroline Lund som er advokat i Lund & Co DA, Arvinn E. Gadgil frå SV, Nicolai Astrup frå Høgre, og Helene Bank frå Handelskampanjen. Andrew P. Kroglund frå utviklingsfondet styrte ordet.

Bilaterale investeringsavtalar (BIT) er avtalar mellom land som gir rettar til selskap som investerer over landegrensene. BIT opnar for at selskap kan stille statar for retten, og dei siste åra har talet på slike saker gått i været. Selskap har fått milliarderstatning, mellom anna fordi dei har vorte påverka av miljøregulering.

«BIT har bana veg for ein merkeleg rettspraksis», sa Helene Bank i opningsinnlegget sitt, og forklarte korleis til dømes ekspropriasjon her vert definert på ny. «Til vanleg er ekspropriasjon noko ein snakkar om når myndigheiter må kjøpe opp jord for bygge veg der, eller likande. Men no vert det brukt om reguleringar som påverkar selskap, ved at ein definerer slike reguleringar som ein ekspropriasjon av selskapets framtidige inntekter.»

Bank meiner at BIT kan vere særleg skadeleg for land som ikkje har eit velutvikla juridisk rammeverk for å forvalte økonomisk aktivitet. «Ved at ei kvar ny regulering kan tolkast som brot på ein BIT, vert land fråteke nødvendig politisk handlingsrom til å utvikle forvaltningssystem som gjer at landet kan dra nytte av investeringar.»

Nicolai Astrup meiner på si side at Norske investorar ikkje krev betre vilkår enn dei har i Noreg. «I staden for å diskutere for eller mot BIT, bør me sjå på kva som er innhaldet i avtala, for å unngå slike definisjonar som Helene pratar om. Små og mellomstore selskap som investerer i utlandet er heilt avhengige av stabile vilkår for å investere i utlandet. Sjå berre på korleis Russland har herja med Telenor, eit selskap som har i utgangspunktet har store resursar til å stå i ei slik konflikt.»

Ole Kristian Fauchald meiner på si side at formuleringane i BIT er så generelle og vide at det er vanskeleg å handheve dei, og å ha eit klart bilete av kva for rettar og plikter dei gir. For den nemnde saka med Telenor i Russland held Fauchald fram at «Norge har ein BIT med Russland, og det må vere ein grunn til at Telenor ikkje har vald å nytte denne. Ein årsak kan vere at den audmjukande episoden då selskapet gjekk til sak mot Ungarn, der Telenor enda opp med å bli refsa av dommarane.»

Arvinn Gadgil er på si side svært oppteken av at Noreg ikkje skal inngå fleire BIT, og meiner at ein ikkje berre kan ha fokus på utviklingsland. «Kva BIT kan gjere med Noreg er svært underkommunisert. Fleire BIT vil setje skarpe grenser for kva me kan gjere i norsk politikk, og på dette området har det blitt gjort alt for lite politisk arbeid.»

Caroline Lund som har jobba med kommuneforvalting i mange år er einig i at det kan få konsekvensar for norsk politikk, og at fattige land kan få problem med å nytte same politiske verkemiddel som Noreg har brukt. «Mange av grepa som Noreg har brukt, og fleire deler av norsk forvalting står i strid med innhaldet i BIT», slår ho fast.

Arvin Gadgil, som fekk siste ord i debatten, avslutta med å love fortsatt kamp mot nye BIT. «Me vil aldri svikte BIT-saka om me kjem i regjering på ny. Me klarte å halde oss unna nye BIT i åtte år, og me skal klare det i fire år til.»

En rekke organisasjoner står sammen om kampanjen BIT-fritt: Attac Norge, AUF, Changemaker, Fagforbundet, Fellesrådet for Afrika, FIVAS, For Velferdsstaten, FORUT, Handeslkampanjen, KrFU, Latin-Amerikagruppene i Norge, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, Nei til EU, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, Norges Bondelag, Norges Bygdekvinnelag, Norges Sosial Forum, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Folkehjelp, Norsk Folkehjelps solidaritetsungdom, PRESS, RU, Spire, SU og Utviklingsfondet.

Emneord: handel