Utviklingsfondet

Framtidsombudet: Korleis og kvifor?

Utviklingsmandag: Politikarane våre er valde for fire år, og ofte viser det seg at tidshorisonten deira ikkje strekkjer seg lenger enn det. Kan eit framtidsombod hjelpa dei med å sikra at framtidige generasjonar blir tekne omsyn til i dagens politikk? I så fall: Korleis skal mandatet utformast? Bli med på debatten 7. april kl. 5!

Spire, Utviklingsfondet ungdomsorganisasjon, sparkar i desse dagar i gong ein stor kampanje for å få etablert eit framtidsombod i norsk politikk. Spire vil ha ein politisk uavhengig institusjon som skal vera talerøyr for framtidige generasjonar. Det er fordi framtidige generasjonar nesten alltid trekkjer det kortaste strået når langsiktige omsyn er i konflikt med umiddelbar vinning. Månadens Utviklingsmandag er via diskusjon om korleis dette kan gjennomførast - og kvifor det er naudsynt.

I panelet:

Mari Gjengedal, leiar av Spire
Knut Haanes, nestleiar for Barneombudet
Tina Bru, Stortingspolitikar for Høgre og medlem av Energi- og Miljøkomiteen

Ordstyrer: Andrew Kroglund, politikk- og informasjonssjef i Utviklingsfondet

Tid og sted: Mandag 7. april kl. 17:00 i Kjelleren på Litteraturhuset i Oslo 

Meld deg gjerne på event på Facebook her!


Utviklingsmandag er ei fast seminarrekke som Utviklingsfondet arrangerer den andre mandagen kvar månad. Her diskuterar me ulike utviklingspolitiske tema. Det er gratis og ope for alle. Det blir enkel servering. 

I april og juni er Utviklingsmandag flytta til første mandag i månaden, grunna påske og pinse.