Utviklingsfondet

Framtida teller nå! Panelet får Framtidsombudets t-skjorte som takk for innsatsen F.v: Ordstyrer Andrew Kroglund, Tina Bru, Knut Haanes, Mari Gjengedal

Framtidsombodet på Utviklingsmandag

Det var ein dynamisk debatt prega av god tone, opne sinn og konkret kritikk publikum vart vitne til måndag ettermiddag på Litteraturhuset.

Stortingsrepresentant frå Høgre og medlem av energi- og miljøkomiteen, Tina Bru, frykta at eit Framtidsombod ville overstyra vedtak gjort av politikarane. Dette var noko leiar i Spire, Mari Gjengedal, raskt kunne avvisa. Ho forklarte at Spire ser for seg at Framtidsombodet skal ha innsyn i saker som vedkjem det og gje råd der det er aktuelt, men ikkje ha direkte makt over politikarane.

Bru framheldt at dette ville kunne gje politikarane moglegheita til å fråskriva seg ansvar for framtidige generasjonar, sidan dei då kan seia at Framtidsombodet tar hand om det området. Ifylgje Bru er mindre ansvar det siste politikarane treng i møte med presserande klimaendringar.

Nestleiar i Barneombodet, Knut Haanes, forklarte at dette var motførestillingar som fanst om Barneombodet før det vart oppretta òg. Hans erfaring er derimot at Barneombodet tek opp saker som politikarane ofte ikkje hadde tatt i uansett. I tillegg er Barneombodet ein ”stein i skoen” på politikarane, altså noko som konstant minnar dei på rettane til dei svakaste i samfunnet. Haanes påpeika at det kunne vore god bruk for ein skostein i saker som vedkjem framtidige generasjonar.

Bru meinte vidare at Framtidsombodet ville få vanskar med å vera heilt partipolitisk nøytralt dersom det skal ta stilling til svært politiserte saker. Oljeboring versus oljestopp framheldt ho ei betent sak der nøytrale standpunkt kan vera vanskeleg å spora. Her påpeika Gjengedal at det i dag er eit problem at altfor mange snakkar om berekraftig utvikling utan å ha faktisk belegg for at politikken deira er særleg berekraftig. Framtidsombodet skal kunna utføra utgreiingar om framtidige konsekvensar, noko som vil opplysa debatten rundt berekraft.

Haanes skal seinare denne månaden delta på ein konferanse i Budapest der rettferd mellom generasjonane står på agendaen. Han følte seg langt meir inspirert til å delta etter gårsdagens debatten, og meinte det kunne vera gode moglegheiter for å inkorporera noko av det Spire ynskjer med eit framtidsombod inn i mandatet til Barneombodet. Til dømes kunne Barneombodet sett på barns rett til å veksa opp i eit sunt miljø.

Mari Gjengedal framheldt viktigheita av å ha ein eigen politisk uavhengig institusjon som berre har til mandat å representera dei framtidige generasjonar. Ho hadde storparten av publikum på si side i saka og fekk dessutan dei to andre paneldeltakarane langt meir venlegsinna til Framtidsombodet i løpet av debatten.

Spire sin kampanjeperiode er no over, men kampen for eit framtidsombod kan ikkje avsluttast med 37 støtteorganisasjonar og nærare 1000 underskrifter i ryggen! Det blir difor oppretta ei gruppe i Spire som skal jobba vidare med Framtidsombodet og FNs nye berekraftsmål framover. Spire ynskjer alle velkomne til å bli med i det viktige arbeidet for å gjera Noregs politikk meir langsiktig!